Music Video

Featured In

Credits

AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Songwriter:in

Lyrics

No skranglar bussen hitetter vegen Så oljegrusen og søyla skvett Og vil du fylgje så ut med neven Og hev du pæneng fær du billett Her sit ho Anne på veg til skulen Og by og bygdefolk som treng skjuss Og Per si saubikkje ska te doktar Men bakom rattet sit Eivind Buss Og han må styre i smale svingar Og han må bremse og ut og sjå At spann og sekkjir og tung bagasje Og gamle mennar kjem av og på Det er forbodi å uro Eivind Men Eivind plistrar så falskt han vil: Pft pft pft Så heile bussen blir stø og snill Men her ein dag kom to fulle sellar Dei sat og hikka og drakk konjakk Så stal dei hatten av gamle Margjit Og spydde oppi ein anorakk Men Eivind kikra på skrå i speglen Han gav dei avskil med brask og bram "No fær de gange den siste mili Så blir de edru te de kjem fram" I sol og snofokk på glatte vegir Langs hei og strendar kjem Eivind hit Men i det siste hev tidstabellar Gjort ruta meir te eit stress og slit Når passasjerane slær ei skrøne Sit ikkje låtten så laust som før Og Eivind kranglar med born og kjering Når han kjem heim att i kleint humør Det er ein raklebuss Eivind køyrer Eksosen lek både att og fram Me krev at Billaget skaffar nye Og ruta treng kje så stritt program! For Eivind vil me behalde lenge Du støttar grendi om du støttar han Så syng den visa her mens du ventar På Eivind Buss, okkos ferjemann
Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out