Featured In

Credits

AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Songwriter:in

Lyrics

Det heng ein tråd i lufti, han gjeng frå grend te grend Han sleng så fritt i vinden, hot er det inni den? Jau, den er full av ord, dei kjem frå sud og nord Og alle ordi er på veg te Signes sentralbord Og Signe på sentralen, ho pluggar ordi inn Så folk fær sitje røda om allslags ver og vind Signe kjenner deg, åja Signe kjenner meg Og alle tis me Signe er grei og triveleg Og verkjer du i magen så det berre riv og slit Og doktar'n er 'kje heime, kan du berre ringe hit For ho veit kvar han er nå og når han dreg derfrå Ja Signe på sentralen finn alltid ut ei råd Bå' veslebror og Besta dei plundrar fælt med tal Men med sveiv på apparatet då blir det minder bal Dersom elden sleikjer varm, hell hev Besta knekt ein arm Då sveiver ho på Signe og Signe slær alarm Om her gjeng film på laurdag eller var det måndag tru? Om der er glatte vegjir, er klokka fem hell sju? Ja du allting vita fær når du på tråden slær For Signe på sentralen er okkos sekretær I slutten på mi vise eg sei det beinast ut: Om dei gav Signe sparken då blei her bygdesut Dei sleikjer kon med prat om ein super automat Det blei å få ein jønnkross der eingong hjarta sat!
Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out