Music Video

Featured In

Credits

AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Geirr Lystrup
Geirr Lystrup
Songwriter:in

Lyrics

Kven vil vel hava ein gamal spelemann Med krokut rygg og fela i skjelvande hand? Kven vil vel hava ein gamal spelemann Som fingrar stivt og gnikar det vesle han kan? Eg svara fuglen blå, eg vil bu i fela Strengen vil eg sulle mine beste leikar på Eg svara vinden blid, eg vil draga bogen Tonen har eg, den han saknar frå si beste tid Kven vil vel hava ein gamal spelemann Som savlar snus og syg på ei lealaus tann? Når vassflogne augo ser ungdom par om par Som gjeng til dans og leitar seg kvende og kar – Eg sa ei jente glad, han skal få mi glede Spelemannens hjarte har eit vemod eg vil ha Og jenta slo håret ut, smaug seg opp i fanget Eg vil vera kjærast med ein gamal felegut Og fuglen slo triller på trollstemt felebas Med' vinden drog sin boge i eng og i gras Og spelmannnen dansa i utslått jentehår Han gret seg glad for no, ja for no var det vår Og somt er vel eventyr, somt er knappast sanning Somt er berre draumar i ein gamal spelemann Ja, somt er vel eventyr, somt er knappast sanning Somt er berre draumar i ein gamal spelemann
Writer(s): Geirr Lystrup Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out