Credits
AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Geirr Lystrup
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Geirr Lystrup
Songwriter:in
Lyrics
Steinhaugen Beinhaugen, fekk du arbeid inni byen sist du for?
Steinhaugen Beinhaugen, fekk du arbeid inni byen?
Liti fekk eg, lenge hekk eg
Rundt på byen, men så gjekk eg
Inn på eit stort kontor
På døra sto det Statsminister
Steinhaugen Beinhaugen, trefte du han far i stolen då du kom?
Steinhaugen Beinhaugen, trefte du han far i stolen?
- Takk for sist, Herr Statsminister
Kvifor sit du her så bister?
Her har du stø vikar
Eg trur du treng ein liten feri'-
Steinhaugen Beinhaugen, detta var vel gampe arbeid for ein kar?
Steinhaugen Beinhaugen, detta var vel gampe arbeid?
Det var mas, gut og strabas, gut
Rett frå frukost til kalas, gut
Her var det arbeidsdag
På meir enn 24 timar
Steinhaugen Beinhaugen, fekk du løn for ærleg arbeid der du sat?
Steinhaugen Beinhaugen, fekk du løn for ærleg arbeid?
Løn til futen og dessuten
Fekk eg gasje svart som gruten
Kaksane kom og gjekk
Og alle ville dei spandere
Steinhaugen Beinhaugen, sa du pent farvel og hade då du for?
Steinhaugen Beinhaugen, sa du pent farvel og hade?
- Hør du mister Statsminister
Detta var eit roti klister
Bli med meg heim på hogst
Der er det hederlege skjeling –
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com