Lyrics

Ingen andre kjenner meg,
som det du gjer, og ingen andre,
veit kva som kan hende seg,
om ikkje vi har kvarandre.
Ingen andre får meg te,
å kjenne meg så levande,
men no skal du dra din veg,
utan meg.
Ingen andre opnar verda, mi,
på same måte, som du gjer,
ingen før har tatt den ferda,
med meg, den som gjer at eg er her
no.
Ingen andre får meg te,
å kjenne meg så levande,
men no skal du dra din veg,
utan meg.
Du og eg har funne vegar,
eg aldri før har gått.
Du har flytta horisontar,
og eg har smått forstått.
At ingen andre kom så nærme
på mi inste grind,
og ingen lot meg heller sleppe,
så nære innpå si.
Ingen andre kjenner meg
Som det du gjer og ingen andre
Veit kva som kan hende seg
Om ikkje vi har kvarandre
Ingen andre får meg te
Å kjenne meg så levande
Men no må eg finne veg
Utan deg
Written by: Ingvild Blæsterdalen
instagramSharePathic_arrow_out