Credits
AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Ivar Medaas
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Ivar Medaas
Komponist:in
Ludvik Søfting
Songwriter:in
Lyrics
So er det endeleg avgjort, frå i kveld er det slutt med tobakk!
Til kong nikotin vil eg seia: For det som har vore, ha takk!
Eg er ikkje lenger ein slave,
av di lumske drepande gift (hahaehe-e-e).
No er eg min eigen herre, ei kjensle eg saknar så titt.
(Ei pakka røyk... fira-fem krone ... i et år. Jaaa,
da blir litt pengar det. Ei bra bruktvogn, 1953-modell kanskje?)
Eg trur eg trygt torer seia at her har eg skikka meg godt.
Det e'kje alle som klarar å slutta så rasande brått.
Og alle dei pengar eg sparar ka skal eg vel bruka dei til?
Jau her får no framtida råda, men det går vel mot automobil.
(Og så så mykje lettare so ein pusta...
Eg går troppo opp til loftet i eitt steg,
og søve 10 centimeter øve madrasso om natto...)
Men borte i askebegeret ligg der ein halv sigarett.
Han flirer så stygt imot meg, han eig ikkje folkevett!
Då stig der eit rop frå mitt indre: Trua du meg, din makk?!
Så skal det snart bli ein mindre av deg, ditt syndige pakk!
Med mord i blikket eg grip han og tenner ein tærande eld.
Her skal du sjå din kjeltring, kven som e sjefen i kveld!
Og røykjen stig opp imot takjet i mitt kalde
vesale kott, men når gudsens sanning skal seiast:
Den sneipen han gjorde meg godt...
Lyrics powered by www.musixmatch.com