Credits
AUSFÜHRENDE KÜNSTLER:INNEN
Geirr Lystrup
Künstler:in
Maj Britt Andersen
Künstler:in
Sture Jansson
Künstler:in
Jan Berger
Künstler:in
Helge Hurum
Künstler:in
Svein Kristiansen
Künstler:in
Roy Hellevin
Künstler:in
Erik Andresen
Künstler:in
Hindarkvartetten
Künstler:in
KOMPOSITION UND LIEDTEXT
Geirr Lystrup
Songwriter:in
Hans Sande
Songwriter:in
PRODUKTION UND TECHNIK
Knut Petter Knutsen
Produzent:in
Lyrics
Eg skreiv til deg eg har deg kjær
Men hjartet ditt av viskelær
Strauk orda ut
Og rosene eg hadde plukt
Vart krasa til parfymelukt
Så populært
Så no får du ha det
Eg dreg bort ei stund
Du veit det kan hende
Eg har min grunn
Når du sa sukker sa eg salt
Du sa gjær når eg sa malt
Ein sterk likør
Men eg blei full når du blei klar
Eg satsa hjerter, du ga spar
Som nord og sør
Så no får du ha det
Eg dreg bort ei stund
Du veit det kan hende
Eg har min grunn
Eg gjekk frå vettet, gjekk frå alt
Og hjartet mitt tok du i pant
Til evig tid
Men hjartet mitt blei koneskaut
Som luktar stramt av risgrynsgraut
Og tidsfordriv
Så no får du ha det
Eg dreg bort ei stund
Du veit det kan hende
Eg har min grunn
Du kjæler med din lux-komfyr
Og det som gjer deg kåt og yr
Er ei symaskin
Når eg er sugen seint på kveld
Då ligg du strak med makeup-stell
Og grøne kinn
Så no får du ha det
Eg dreg bort ei stund
Du veit det kan hende
Eg har min grunn
Eg skreiv til deg eg har deg kjær
Men hjartet ditt av viskelær
Strauk orda ut
No flyg eg ut av reiret ditt
Med lause fuglar syng eg fritt
I moll og dur
Men eg kjem tilbake
Til deg om ei stund
Du veit det kan hende
Eg har min grunn
Lyrics powered by www.musixmatch.com